Komisk

november 24, 2009

Nok eit tysdag, nesten over. Sjølv om eg ikkje skal sitte på data samtidig som eg ser fjernsyn er det akkurat det eg gjer. Jaja, kom akkurat heim frå korps, der “Rudolf er rød på nesen” vart spelt med ei hefitg perkusjonstemme. Rudolf-delen stemde, ikkje perkusjon-delen. Jaja, fekk  nesten julestemning av det likevell. Åt til og med ei peparkake i dag. Sjølv om eg skulle vente til i alle fall 1.desember. Men eg har ikkje ete mandarin enda! Det gler eg meg til.

Adventsfesten nærmar seg, og eg er i programkomiteten, hjelp! Det er meir stress enn eg trudde, og å planlegge å vere morsom er ikkje noko eg er stor fan av. Jaja, må sikkert ha mange møter no. Adventsfesten er jo 5. des, og der ikkje lenge til.  Trur nok aldri eg vert komikar, for å seie det slik! Jaja, det vert vell kjekt. Andre ting som nærmar seg, er kommunestyremøte. Veit ikkje heilt kvifor me skal på det, men dei skal vist diskutere om Dalsfjord skule skal rivast, og byggast ny. Hurra,.

Jaja. Bloggast vell.

Frikort

november 20, 2009

Desse to vekene har vore litt spesielle. Forrige veke var det arbeidsveke, og eg jobba på Brio. Det var kjempe koseleg! Denne veka har me laga dokumentarfilm. Alle niande-klassingane i Volda kommune har laga ein liten film om forskjellige emne , som til saman utgjer “Volda rundt”. Gruppa eg var på, som besto av alle jentene i klassa, laga om Lars Steinsvik, og eg vart i grunnen sånn ganske fornøgd. Å lage ein liten film på fem minutt er meir arbeid enn eg hadde trudd. Så då eg såg krim, var alt eg tenkte på vinkalar og effekter.

Jaja, akkurat no har eg bestilt meg frikort. Då er eg bra stor! Skal jobbe på Brio i morgon, sånn skikkeleg. Det vert spennande. Hjelp! Har til og med skreve under på arbeidsavtale.Håhåj, no skal eg leggast, for eg må vere utkvild første dag på jobb!

Offside

november 8, 2009

Då er det klart at Aalesund ikkje er så aller verst til å sparke ball likevell. Hurra! Det har eg sett på storskjerm i dag. Saman med både ekstreme Molde, og Aafk-fans. Underholding! Morosamt å sjå innlevelsen i dette merkelege spelet, som eg ikkje forsto så alt for mykje av. Men etter ein omgang, og litt reglar forklart me lommebok som utgangspunkt, vart eg også ein ivrig Aalesund-fan! Og no veit eg kva offside er. Heilt sant. Me fortjente å vinne altså.

Eg har alså vore på Kairos i helga, om nokon lurte på kvifor eg var oppdatert på fotball. Og på grunn av akkurat cup-finale, fekk me ikkje Kairos-buss, men måtte ta rutebuss. Den stoppar på Vestnes, men kanskje så langt i frå Vestheim som det er mogleg å gjere. Jaja, det var kjempe kjekt likevell. Faktisk så kjekt at det ikkje går ann å forklare. Då me skulle heim, var stillinga 2-2, og dei måtte ha ekstra-omgong. No snakkar eg atter ein gong om cup-finale.  Men me måtte dra, og fekk ikkje sjå meir. Då ringte Helga bror sin, som sat og såg på kampen,og  som fortalde oss i detalj kva som skjedde. Så då vart det full jubel i timeekspressen då Aalesund vann!

Neste helg er det Krasp, og då er det faktisk akkurat eit år sidan eg var der første gongen. Eg, Mari og Hilde skal vere på kjøkkenet igjen. Og det vert stas! Kanskje me til og med må feire litt? For då har me kjendt kvarandre i eit år. Det er i grunnen ganske rart, for det virkar som så mykje meir! Hurra for Kairos, for Krasp, og sidan dei vann mot Molde, hurra for Aalesund! 

081109_030

Aalesund vann! Foto: Jenny Charlotte Vartdal

Bloggast vell ein dag : )

Ja, og forresten så sprang eg 2.5 km på fredag. På 13.50 min! Det er ny pers., men sidan det er andre gongen i heile mitt liv eg har sprunge så langt, er det ikkje så rart. Jaja, eg er i alle fall stolt.

Tidsfordriv

oktober 16, 2009

Når ein ikkje har noko å gjere,  er bilete godt å ha. Det er i grunnen ikkje veldig kjekt å vere heime frå skulen. Det er nesten gale. Jaja. . .

DSC_0678DSC_0271DSC_0844082GetAttachmentDSC_0791

Redd ?

oktober 14, 2009

I dag har eg våre i selskap. I alle fall nesten. Sidan bestemor er  85 år i dag, måtte eg ta meg ein liten tur å helse på, og gratulere. Då eg banka på var ho i telefonen, men ho skuda seg å legge på, og  fann fram både kake og godekake, som nokon kunna sakt. Det hjalp ikkje å seie eg var mett, så det enda med at eg åt to skiver, ein bolle og mykje kake. Ops. Men det eg ofte gløymer, er kor koseleg det er med bestemor. Eg veit at det er koseleg, men eg gløymer alltid at det er så koseleg som det er! Åj, det vart litt dårleg forklart. Jaja.

Då eg kom heim, fekk eg nyse annfall, og er no heilt tett og snufsete. Klokka har vorte alt for mykje, og eg sit eigenlteg berre å ventar på at mamma og pappa skal kome att frå opera. Eg tørr nemmelg ikkje å sovne før dei kjem. . . Eg er litt mørkeredd enda.

Noko anna eg har gjort i dag, er konfirmantundervising. Det er etter skulen. Selfølgelig. I fjor fekk dei ha undervisninga i skuletida, men i år, var det visst på tide å ha det etter. Flaks. Nei, no høyrer eg veldig sytete ut. Det er ikkje så gale, men det er litt unødvending ,kanskje ?

Men no skal eg sove. Trur dei har komt. Mamma og pappa altså. Håper det er dei i alle fall! Ånei, no tenkte eg på om det ikkje var dei. Hjelp! På ekte! Men, me satsar på at det der dei, og so legg me oss. No. God natt : )

Eg og Bestemor : )

Eg og Bestemor : )

Ferie

oktober 8, 2009

Haustferie, ein god ting å ha. Sjølv om ein hostar og nys. Om ca ein halvtime skal me av stad til Trondheim. Eg, mamma og pappa i ein fin-fin Toyota . Hurra! Då får eg sjå Lars Olav, og det skjer ikkje alt for ofte. No har eg pakka, og alt er klart, så eg sit her og er rastlaus. Eg er ein veldig dårleg pakkar, so eg er spent på kva eg har gløymt.

Vekas helgeaktivitet var konfirmasjonsleir. Då samlast alle konfirmantane frå Volda kommune, på Nesholmen. Du kan ikkje spørre meg kvar det ligg, for det veit eg ikkje. Men eg veit at det tok tre timar å køyre. Det var kosleg, men eg er glad det er over. Eg vil heller seie, hurra frå Kairos! Det gler eg forresten veldig til. Sjølv om det er ei stund til.

Ein annan ting eg godt kan skrive litt om, er vèret. Det er så kaldt, at du frys berre du tenker at du snart skal ut . Ja, og det er kaldt inne og´, sjølv om pappa fyrer. Jaja, det er vell haust. Men , makan.

 

av Sofie Monsholm

Konf.leir av Sofie Monsholm

 Så mykje fok var der vell alltid, overalt.  Men, det var koseleg : ) Men no fer me. Bloggast !

Pust

september 26, 2009

Eit lite pusterom,vekk frå kjolar og systre. Jada, både systre og kjolar er kjekke ting. Men no er eg van med å ikkje ha systre, og eg har til og med byrja med bukser i staden for kjolar. Så no, når eg må forhalde meg til begge deler,er det rart eg vert sliten? Men , eg må vell seie, at eg er super glad for at dei har kome heim ein liten tur. Systrene mine altså. Då hadde eg kanskje vorte van med den voldsome latteren, og badkø, og ja.

Men grunnen til alle kjolane, er at i dag skal me feire vår kjære bestemor, som vert 85 år i år! Det er ganske bra å vere 85 år. Så no skal heile slekta ha på seh finstasen, og feire. Hurra!

No skal eg krølle håret mitt. Eit hurra til. God helg, og gratulerer Bestemor : )

Flink

september 24, 2009

Eit raskt lite inne innlegg, før eg skal lage ein lekker kveldsmat til yndlingsøstrene mine. I alle fall følge dei. Dei er på veg rundt fjorden, og forventar nok at deira supre syster som forsatt bur heime skal varte dei opp. Og det skal eg kanskje og.  Så eg må skunde meg, dei er nok heime no. Men eg er flink. I alle fall nesten.

Kvardag

september 13, 2009

No har eg bestemt meg. Denne veka skal gå fort! Så fort at eg gløymer at ho finst. For eg synest at veker er litt for lange. I grunnen. Men i helga vert det kjekt. Då skal eg til Rjånes og vere kjøkkenhjelp på Krasp. Eg, Hilde og Mari! Hilde har til og  med gebursdag på laurdag. Så det må me prøve å feire litt. I mellom middag og oppvask kanskje?

Men no er det nesten kvardag. Om ein time og tre kvarter, for å vere nøyaktig. Eg vil i grunnen ikkje ha kvardag. Eg likar helg. Men kanskje eg må pakke gymbagen ? Ja, det må eg. No fer eg og skal pakke gymbagen min.

Forresten valgte eg eit bilete (pil opp, og ned), som eg meiner er klassisk meg. Om du kjenner meg, trur eg du er einig. Det er eg. Jaja, godt natt og god kvardag. Eg trur du treng det : )

Litt sommar  09 010

Her er heile biletet. No kan du sjå kvifor eg er så konsentrert! : )

Sakna

september 2, 2009

I går då bloggen min var eitt år, tenkte eg at det var ein god dag å fornye den. Så eg bytta motivet. I god tru. Var vel fornøgd med det, då eg logga ut og drog på korps. Men i dag, då eg skulle logge inn, fann eg ikkje logg inn- knappen! Eg leitte lenge, og fekk nokon av vennane mine til å leite. Utan noko resultat. Etter ei god stund, kom eg på at eg kunne logge meg inn på wordpress, og ikkje min blogg. Det gjekk heilt fint. Så no er eg endeleg pålogga. Og sjølv om logg-knappen er sakna, er eg godt fornøgd med mitt nye motiv.

Då eg hadde logga meg inn for første gong i dag, byrja eg å skrive eit nytt innlegg. Det vart longt og bra, tykte eg, og akkurat då eg skulle lagre det, bestemte dataen seg, for å slå seg i vranglås. Litt irritert, måtte eg slå den heilt av, og så på att. Men, no har eg i alle fall fått meg inn , og skreve eit innlegg. Hurra!

Var forresten med Mari i helga: )  (Biletet vart tatt forrige gong)

Var forresten med Mari i helga: ) (Biletet vart tatt forrige gong)