Everybody loves my baby.

Det er slike dagar som dette ein skal skrive om. Eller, ikkje i følgje slike proffar som kallar seg forfattarar, men. Dei seier nemleg ein skal skrive når ein er i sorg, eller har knust hjartet sitt, eller noko anna lite koseleg. Eg derimot, eg seier ein skal skrive i dagar som dette. Dagar der du er glad og fornøgd, utan å heilt vite kvifor. Slike dagar der folk kan reagere på deg som nettopp gjekk forbi, og smilte for deg sjølv. Eller sjå litt rart på ho som står i ro og ler. Eg har ein slik dag i dag. Eg er glad og fornøgd, og har i grunnen ingen grunn.

Det høyrdest forresten veldig stygt ut å seie at eg ikkje har nokon grunn. Er berre at eg ikkje har noko meir grunn i dag, enn nokon annan dag. Det vert rettare å seie. Så då sit eg her då, med kaffikoppen og jazz på vinyl- og nyt livet. Everybody loves my baby! Engelsken er gjort, peparkakehjarta er står på bordet, og til og med varmen frå vedaomnen er akkurat passeleg.

Sjølv om det er måndag i dag føler eg meg ikkje slik ein gjerne føler seg på måndagar. Det kan kanskje ha noko med at eg ikkje var på skule verken torsdag eller fredag, og har på sett og vis hatt juleferie heilt fram til i dag. I morgon slepp me forresten både dans og drama også. Seier ikkje neitakk til slikt.

På skulen i dag pirka me forresten bort i fiskar. Jepp, me skulle skjekke fordøyinga til ein stakkars sei. Det var kjekt, og veldig ekkelt.

Har i grunnen ikkje så mykje meir å seie. Skal snart køye, før det er tre timar skule i morgon. Skal sjølvsagt skjenke meg ein kopp til med kaffi, og ete minst eit hjarte til. Eg fortjenar det. Tittelen er forresten ein song. Så dersom du trudde eg var med barn, eller hadde fått  fast fylgje med ein populær ein, beklagar skuffelsen.

This entry was posted in Ymse.

2 comments to Everybody loves my baby.

  1. Ann-Helen seier:

    Åh, no vart eg skikkeleg skuffa! Eg som trudde du var med barn :(

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s