Urein!

Har du sett Wall-E? Ein av animasjonens finaste filmar, forresten. Og om du då har sett denne, veit du korleis menneska i den filmen er. Eg føler meg som eit slikt menneske for tida. Med gelèføter, og ingen krefter i kroppen. Det kan moglegens vere på grunn av spyssjuka eg så fint har fått den siste veka. Har  site i ein stol, sidan måndag- utan å ete noko som helst utanom tilsaman sju kavringar og ein pose potetgull.

Men sidan eg bloggar like ofte som eg er sjuk, nei. Sidan eg bloggar like ofte som, haha, veit ikkje om noko som skjer så skjeldan, så eg må nok berre oversjå den setninga, og fortsette. Altså, eg har ikkje berre vore sjuk sidan sist. Har faktisk vore både på Moa saman med Hilde og Mari, og på Løvenes konge i 3D.

(Ser vekk frå at biletet var meir skummelt enn koseleg, eg. Det burde du også gjere.)

Etter kinoen, var det sjølvsagt over ein og ein halv time til ferja gjekk, så me drog på Tredet og drakk kakao. Ja, var Ann-Helen, Mari og eg som var på kino. Gløymer at slikt kanskje er vesentleg. Det var i alle fall koseleg. Folk med godt kollektivtransporttilbud går glipp av mykje.

Eg har også vore på “Peparkakehusetknusefest” med Mari. Som eigenleg berre var å knuse peparkakehuset, og ete så mykje ein orka. Skal innrømme at det endte ganske fort på å ete mest mogleg nonstop, og minst mogleg peparkake. Godt var det i alle fall! Me skulle sjå fransk film også, sidan Mari er forelska i Frankrike, og alt som fylgjer dette. Var faktisk eg som gav henne filmen, og eg hadde oppriktig lyst å sjå den altså. Heitte “Anonyme romantikere” om du skulle vere interessert. Problemet var berre at eg hadde brukt dagen på Moa, noko eg aldri gjer. Det er kanskje ein person i kongeriket Noreg som er på Moa skjeldnare enn meg, og det er min far. Så eg sovna. Det gjorde Hilde også, berre så det er sagt, sjølv om ho er på Moa like ofte som eg var til tannlegen Tor, den vesle perioda eg hadde tannregulering. Men me kan i alle fall glede oss til å sjå filmen ein annan gong. Hihi.

Dette vart rotete som vanleg. Er det som skjer når eg aldri bloggar. Så ein gong skal eg verte flink, og ikkje kjedeleg. No skal eg ete mat. Kavring, spekeskinke og cola. Det eg har ete til frukost, lunsj, middag, snack og kvelds sidan måndag. Kos deg.

Overskrifta er forresten pappa sin nye favorittvits. Kvar gong eg kjem inn i romet, ropar han “Urein!” Det var visst nok det dei spedalske måtte seie kvar gong andre menneske nærma seg. Så seier han at eg må seie det.  Artig. Haha.

6 comments to Urein!

  1. Birte seier:

    Hahaha, faren din altså. Veit kar du he humoren frå i alle fall :)

    • Pernille seier:

      Haha, er litt usikker på om dette var eit komplemennt eller ikkje, men ettersom eg har god humor, må det no vere positivt! Hihi

  2. Ann-Helen seier:

    Koseleg! Me må fare på 3D kino igjen, neste gong det går ein. Eg lo, og skal rope “urein” neste gong eg ser deg. Det er berre å gle seg, for eg reknar det ikkje vert så lenge til? Satsar på at du vert frisk snart!

    • Pernille seier:

      Jepp, men ikkje Titanic. Seier det berre! Hah,då skal eg banke deg, gler meg! Hihi. Me sjåast snart, eg skal nemleg boikotte å vere sjuk frå no av. Ein god plan!

  3. Therese Marie seier:

    Hahah, elska humoren til fardin! :D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s