God dag, mann. Motorsag.

Etter ei veke med sofasitting, drog i går eg og pappa i skogen. Ja, eller opp Åsevegen, rettare sagt. Der er nemleg mange tre, som kjem til å stenge vegen, om dei får for mykje snø på seg. Dagmar altså, likar henne ikkje. Då eg ikkje fekk køyre traktoren, måtte eg i staden ta bilete. Vakre vart dei, heile gjengen.

Grunnen til at eg var med, var eigentleg kun fordi pappa skulle hogge ned nokre store tre, over ein veg. Så eg skulle stå og passe på at ingen kom køyrande eller gåande, eller rennande forbi akkurat då. Så medan pappa var tøff med motorsag, stod eg på vegen og sang “God gammaldags floke”. Dessverre er ikkje det siste dokumentert.

Er forresten overaskande vanskeleg å ta eit klart bilete, medan du hoppar opp og ned.

Men det er i grunnen ganske kult med motorsag. Og eg ville sjølvsagt prøve. Etter timesvis med masing, englefjes, og eksemplarisk oppføresl, måtte eg berre gje opp. Pappa ville ikkje dele. Han ville vere tøff med motorsag åleine, og skulda på at eg ikkje hadde på med rett bukse. Motepress og utestenging, makan. Men eg var flink, heilt utan motorsag, eg.

Jepp, eg flytta alle greinene over vegen, og kasta dei ned i skråninga der. Veit det ser sjukeleg mykje ut, og det er nok vanskeleg å tru at eit menneske klarer å flytte alt på ein liten dag. Hadde ikkje trudd det sjølv, om eg ikkje såg det.

Etter ei stund, når eg byrja å verte lei av “om det rykker i rockefoten”,spurde pappa om eg skulle vere med på traktortur. Det store beistet av eit tre skulle flyttast, og det var så stort at sjølv ikkje eg kunne flytte det for hand, nemleg.Då me hadde køyrt eit stykke, måtte pappa ut å fikse noko, og det var plutsleg berre ei i traktoren. Seier ikkje meir, eg.

Etter kvart kom onkel Steinar køyrande, i sin raude traktor. Han hadde med seg både vinsj og motorsag. Vinsja var faktisk så kul, at det nesten gjorde opp for fargen. Alt vart tusen gongar lettare, og gjekk tusen gongar raskare. Sånn omtrent.

Så då var dei plutseleg to som var tøffe med motorsag, og eg fekk naglebit. Då gjekk eg ned igjen, og vaska bad. Er umogleg å måle seg med dette, uansett.

I dag gjekk pappa opp til Lisjevatnet, som ja, vert skrive slik. Der har han og ein til bygd opp Hornhytta, eller Lisjevasshytta.I mange år har der vore ei falleferdig hytte, som bestefar var med å bygge, om eg ikkje tek heilt feil. Så i sommar bygde dei henne opp att, og flaug henne opp med helikopter! Det har vore veldig stas, kanskje spesielt for pappa. Men i dag når han kom opp, var hytta heilt vekk. Dagmar har kasta henne rundt seg, og etterlatt kun ein bjelke. Den låg forresten longt  frå der hytta eigentleg stod.

Før/etter. Kansje ikkje slik ein helst vil dei skal vere.
Mari har forresten fått ein brukar på bloggen min, etter mykje masing, så satsar på at ho skal skrive noko sakleg her i ny og ne!

2 comments to God dag, mann. Motorsag.

  1. Ann-Helen seier:

    Haha, då eg var med pappaen min å rydda etter Dagmar fekk eg lov til å bruke motorsaga :) Og det er forresten raud traktor som er noko!

  2. mari seier:

    Hehe, lika dej litt ej!
    ha mine tvil om sakligheita, men kan no jere mitt beste ;*

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s